Inga skikkeleg førjulstid uten Merete Veians julegåte. I dag vart første del lagt ut på Quilt-Design. Dei som ikkje har prøvd seg på gåtesaum tidlegare, bør absolutt hive seg rundt her. Dette er gøy!!
Her er mi løysing av første delen.
Del to kjem laurdag og del tre søndag. Dessverre for meg kjem eg ikkje til å ha tilgang til hverken datamaskin eller symaskin laurdag og søndag, så eg får ikkje gjort meir på dette før etter helga. Men eg vil prøve å ikkje sjå på løysinga før eg er ferdig med del to….. trur eg :)
Ha ei flott, mystisk helg!









