Den aller største overraskelsen kom frå Anne Marie.
Pakken inneheldt ein charmpack med nydelege Moda-stoff i serien Martinique
og eit fingerbøl med bilde av den russiske seglskuta MIR. Denne flotte skuta var faktisk her i området i samband med Tall Ships Race i 2008.
Tuuuusen takk, Anne Marie. Eg veit ikkje om det er fortjent, men du verden så kjekt det er med slike totalt uventa gåver!!
I postkassen låg også resultat av nokre impulskjøp hos Polarquilt. Eg likte så godt Strandteppet i siste Quiltemagasinet, og då eg såg at Polarquilt hadde laga stoffpakke til denne quilten, var vegen kort til Send-knappen. Herlege glad-stoff, som det skal bli kjekt å arbeide med.
Og medan eg var inne hos Polarquilt kom eg også over eit nytt mønster, "Silhuett", frå Judith Eknes som eg likte så godt. Eg har heilt sikkert stoff i hyllene mine som eg kunne ha brukt til dette, men av ein eller annan grunn hamna det stoff til dette i handlekorga også. Ja, ja, sånn kan det gå..
Og som om ikkje dette var nok, låg det også eit mønster frå Anne Norrie i postkassen.
Som de ser har eg mykje godt arbeid framfor meg. Men først er det snart ferie, og då var det bra at det splitter nye passet mitt også kom i dag. Det skal takast i bruk om ei god veke. Då går turen til Kreta. Og de kan tru eg ser fram til litt sol og varme.
Og så var det brevet med vindauge.... Det var frå Skatteoppkrevjaren og inneheldt melding om at det var overført ein fin sum pengar til min konto. Dette kom ikkje som ein overraskelse, men var like fullt ei hyggeleg melding :)))
Ha ein fin kveld

7 hyggelege tilbakemeldingar:
Du verden for ein dag du har hatt, det må eg sei :-)
Ein slik velfyllt postkasse skal ein leite lenge etter.
Her var det jammen mange flotte stoff og mønster.
Reknar med du snart må oppheve "sommarstengt'en" din, og hive deg i syinga.
Unner deg verkeleg sol og varme, og turen til Kreta blir nok super. Ha ein fantastisk tur. Kos deg masse.
Klem
Så mye fint det var i postkassa di i dag da:) Så heldig du er.
Ha en fin kveld:)
Så mye flott du fikk i postkassa ja. Nydelige stoffer til teppet i quiltemagasiner - de liver opp :-)
Lykke til med prosjektene og nyt sol og varme.
Å spennande å åpne alt dette!
Ønsker deg og familien en flott tur til sol og varme på Kreta :)
Det ville jo ingen ende ta...., men du så kjekt det er med slik post.
Eg tenkjer og at det må bli hardt å halde sommarstengt på syrommet med så mange freistingar....;o)
God sommar og god tur!
Solklem
Ja, her har du mye godt arbeid foran deg. Lykke til med alt og god tur til Kreta.
Å, så kjekt å gå i postkassen når den er full av slike godsaker!
Men først og fremst må du kose deg på ferie!
Og tusen takk for koselig kommentar hos meg:))
Ha en riktig god ferie uten fleecejakke:)
Legg inn en kommentar