tirsdag 30. august 2011

Sylyst og leselyst

Det er visst langt mellom oppdateringane her for tida.  Sylysta er er ikkje akkurat påtrengande, men litt har eg no pusla med.  Tidlegare i sommar laga eg to dekkebrikker, og av restane vart det eit par gryteklutar av enklaste slag.


Og så var det desse jarekantane igjen.  Denne gongen vart det to krusmatter.  Her la eg vatt på eit bakstykke og sydde på ei og ei remse.  Når vattstykket var dekka, var krusmattene ferdig quilta og det var berre å reinskjere og sy på lukkekanten.  Enkelt og greit.


Og når eg ikkje har sydd, har eg lese bøker - masse bøker.


Eg er av dei som likar følelsen av å bla i boka og sjå orda.  Difor held eg meg enn så lenge til "papirboka", så når eg les, så les eg :)  Seinast i går gjorde eg meg ferdig med "Hotellet på Hjørnet av Bitter og Søt" av Jamie Ford.  Ei nydeleg historie.  Elles har eg oppdaga ein, for meg, ny krimforfattar: Mo Hayder - engelsk, trur eg. Den første boka hennar, "Fuglemannen", var "grusomt" spennande, og den neste, "Kuren", ikkje noko dårlegare.  Akkurat no er eg kommen midtvegs i den tredje, som heiter "Ritualer". Skummelt spennande, den også.

Riktig god kveld til alle.


9 hyggelege tilbakemeldingar:

Anelias hantverk sa...

Ja sylusten den kommer och går!
Så vackra saker du har gjort nu!
Kram!

Siv sa...

Råstilige krusmatter! NÅ skal jeg også begynne å samle på jarekanter. :o)

KariL sa...

Du er jammen det smart altså. Har då aldri tenkt at eg kunne bruke jarkantane til noke.
Bøker er eit must, men det opp og ned med kor mykje tid eg brukar.
1. sept. kjem det ny bok med Cecilia Samartin og den har eg tenkt å sikre meg.
Ha ei riktig god uke med mange gode lesestunder :)
Klem!

Orlaug sa...

Flotte ting du har sydd.....har liksom aldri tenkt på at jarekantar kunne nyttast til noko, men du verden.
Takkar og prisar lydbøkene, eg........ei ny verd opna seg då eg oppdaga dei. Har rett og slett ikkje roen til å setje meg ned og lese ei bok, og då er lydbok eit godt alternativ. Ei veninne av meg brukar begge deler, men seier det er noko spesielt med å ha ei "skikkeleg" bok i hendene.
Jaja,greitt at me er forskjellige......

Annemariesquilt sa...

Fine ting du har laget.. Jeg må vist begynne å ta vare på Jarekantene ;-))
Har du lest Kate Morton " The forgotten Garden", jeg tror den heter den glemte hagen.. Jeg holder på å lese den på engelsk og det går helt fint! Det er veldig gøy med bøker men det var bare det å finne tid til å lese dem;-)

2ne sa...

Flotte grytekluter, brikker og kjempekule mug rugs :-)
God helg

Eva Helgeneset sa...

Enig med deg. Jeg liker også ordentlige bøker best. Og her fikk jeg tips om nye lesegleder :-)

tubakk sa...

Så flotte desse krusmattene blei. Ja, akkurat slik har eg sydd nåleputene også, med underlag. Det blir stødig og lett å quilte. Gir også meir motstand for nålene, slik at dei sit fast når du stikk dei nedi nåleputa. Så gøy å lage. Eg kjem liksom ikkje vidare.

tubakk sa...

Jarekanter er flott. Lurt å sy dem direkte på vatt og bakstykke. Det må jeg prøve. Ha en god helg!